< Tilbake

Herdla Museum I

Herdla ligg heilt på nordspissen av Askøy. Frå Bergen sentrum følgjer du Rv 555 i retning Askøy/Sotra til Storavatnet. Her tek du av på Rv 562 som du følgjer over Askøybrua og vidare heilt til Herdla. Når du har passert Herdlebrua held du fram ca. 500 meter før du svingar til venstre mot Herdla fort. På fortet er det offentleg parkeringsplass og toalett. Frå parkeringsplassen ser du den store lyse bygningen der museet held til. Køyretid med bil frå Bergen sentrum er ca. 45 min.

Med Flyhallen Gul-16 som utgangspunkt, kan du bli betre kjent med ei lita øy som har mykje spennande å by på. Etter eit besøk vil du forstå kvifor Herdla har så unik natur, flotte strender og rikt fugleliv. Du vil også få eit godt innblikk i øya si dramatiske krigshistorie. 

Modell
Hurtigruten underveis
Herdla Museum
Webside
https://herdlamuseum.museumvest.no/

Tilrettelagt
  • Handikaptoalett
  • Filmrom
  • Stor parkeringsplass

<
>