Samlinga tel i overkant av 800 verk, biletkunst og kunshandverk, frå om lag 1900 og fram til i dag. Den har eit regionalt og nasjonalt tilsnitt med hovudtyngde frå tida etter 1970, og er i hovudsak bygd på overføringar frå Norsk Kulturråd (1988-2006) og eigne innkjøp, særleg frå eigen utstillingsaktivitet (1987 til i dag). Slik dokumenterer museet òg eiga verksemd over år. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har eit kunstfagleg råd som vurderer innkjøp, gåver og deponi.
Museet for kunsten vart opna i september 2012. Samlinga tel i overkant av 800 verk og har eit særleg stort tilfang frå regionen, men òg den nasjonale kunsten frå siste hundreåret, og då særleg frå 1970-talet og framover. Museet er godt tilrettelagt for rullestolbrukere. Dørauomatikk, heis, god plass i utstillingene, kafe og fin solrik takterrasse.